Av totalarealet i Time blir nesten halvparten nytta til jordbruksføremål inkludert eng til slått og beite. Som elles på Jæren blir det drive eit særleg intensivt husdyrhald, noko som blir spegla i bruken av jordbruksarealet, der det aller meste blir nytta til eng og beite. Åker og hage opptek såleis berre nokre få prosent av jordbruksarealet. Time er blant dei fremste kommunane i landet etter husdyrhald. Dette gjeld både storfe, sau, svin og høns. Kommunen har ein særleg stor kyllingproduksjon. Det blir også drive noko hagebruk.
Trass i det store jordbruket sysselset industrien meir enn dobbelt så mange i Time. Av arbeidsplassane i kommunen utgjer såleis industrien inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon om lag ein femtepart, mot berre nokre få prosent i primærnæringane. Den klart viktigaste industribransjen er verkstadindustrien, med nesten ni tiendepartar av dei industrisysselsette. Det aller meste av dette er i metallvare- og maskinindustrien. Den store verkstadindustrien har i stor grad utspring i dyrkingstiltaka i siste halvdel av 1800-talet og første halvdel av 1900-talet, som kravde spesielle reiskapar og anna utstyr. Med bakgrunn i desse behova voks i mange tilfelle bygdesmier og liknande til fabrikkar som etter kvart har utvida produktspekteret sitt til avanserte landbruks- og anleggsmaskiner, i dei seinare åra også maskiner til industrien (mellom anna robotar) med stor eksport. Elles har Time noko næringsmiddel- og trelast-/trevareindustri.
Bryne er regionsenter for Jæren og eit viktig handels-, service- og skulesenter. Kvernaland er ein stor tettstad på grensa til Klepp i nord, med eit variert næringsliv. Her ligg Kverneland ASA, som er Noregs største produsent av landbruksmaskiner.
Av dei yrkesaktive som er busette i Time, arbeider godt over halvparten utanfor kommunen. Dei fleste arbeider i Stavanger-området (Stavanger, Sandnes, Randaberg og Sola), men og mange i dei tre nabokommunane Hå, Klepp og Gjesdal.
Time har også stor innpendling, og om lag halvparten av dei som hadde arbeid i Time, er busette utanfor kommunen. Innpendlarane kjem særleg frå nabokommunane Hå, Klepp og Gjesdal, men og ein del frå Stavanger-området.
Jærbladet kjem ut tre gonger i veka på Bryne.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.