Klepp er blant dei største jordbrukskommunane i landet, og 65 prosent av arealet i kommunen er dyrka jord. Jordbruket er kjennemerkt ved ei intensiv og variert driftsform som gjev eit godt økonomisk utbyte. Klepp har det største kornarealet i Rogaland, men det utgjer likevel berre vel ein tiendepart av den dyrka jorda. Til saman blir berre ein femtepart av jordbruksarealet nytta til åker og hage, resten er eng til slått og beite, noko som speglar kor sentralt husdyrhaldet er for jordbruket i kommunen.
Også når det gjeld arealet til poteter og grønsaker på friland, er Klepp den viktigaste kommunen i fylket. I alt noko over sju prosent av den dyrka jorda i kommunen blir nytta til desse vekstane. Klepp er elles den tredje største veksthuskommunen i landet etter areal under plast/glas.
Klepp har fleire institusjonar knytt til jordbruket, forskingsstasjon for plantekultur, kontrollstasjon for svin og avlsoksar med meir på Særheim ved Frøylandsvatnet, og Rogaland stamsædgard vest for Kleppe. I alt noko under ein tiendepart av arbeidsplassane i Klepp er i primærnæringane.
Industrien inkludert byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon omfattar om lag to femtepartar av arbeidsplassane i Klepp, er i vesentleg grad knytt til jordbruket. I denne samanhengen speler verkstadindustrien ei sentral rolle med mesteparten av sysselsetjinga i industrien. Denne består særleg av maskin- og metallvareindustri og er i stor grad knytt til produksjon og vedlikehald av landbruksreiskapar. Den største bedrifta i bransjen er Kverneland ASA på Øksnavad ved Kvernaland, som er ein av dei fremste produsentane i verda av landbruksreiskapar. Også næringsmiddelindustrien står sterkt i kommunen med omlag ein femtepart av industrisysselsetjinga, mellom anna fleire meieri og potetindustri. Elles har kommunen noko verksemd i bransjen gummi-, plast- og mineralsk industri.
Industrien er hovudsakleg konsentrert til tettstadene Kleppe/Verdalen, Klepp stasjon og Kvernaland med industriområdet Øksnavad lengst nord i kommunen.
Kommunen har eit viktig handelssenter på Kleppe. Som handelssenter for innbyggjarane i Klepp må også Bryne nemnast, sjølv om det ligg like over grensa til Time.
Klepp har ei stor utpendling. Over halvparten av dei busette arbeidstakarane i kommunen arbeid utanfor kommunen. Av desse arbeidde flest i kommunane på Nord-Jæren (Stavanger, Sandnes, Randaberg og Sola), men òg mange på resten av Jæren (Hå, Time og Gjesdal) og nokon i resten av Rogaland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.