Line Gard blir drive av stolte bønder på Jæren. På garden har me melkeproduksjon, ammekyr, sau, egg og korn. Familien består av storbonden, bondekona og tri born.
Nyheit – jærsk mjølk rett frå tanken!
På Line Gard går kyrne fritt i eit lausdriftfjos og blir mjølka automatisk av ein Lely mjølkerobot når dei ynskjer. Me blandar eigenprodusert grovfor og korn, og i tillegg får dei litt potetslurry frå Hoff, mask frå bryggeria Rygr og Brix, og protein- og sukkerkonsentrat frå Tine. På Line Gard brukar me ikkje Bovaer (metanhemmarar) i fôret til kyrne.

Om oss
I utkanten av Bryne, midt i matfatet på Jæren ligg Line Gard. Det har vore gardsdrift i fleire generasjoner på Line Gard. Dagens eigarar har drive Line Gard sidan 2000, men garden har vore i familien sidan 1886! Garden ligg kun eit steinkast frå den kjente husmannsplassen Træe på Line, som er frå 1870 og truleg er det mest malte og fotgraferte huset på Jæren.
I dag er Line Gard ein familiedriven gard, som består av storbonden, bondekona og våre tri born. Me legg mykje arbeid og prestisje i å driva bærekraftig og levera mat som held særs høg kvalitet.

Adresse
Hauglandsvegen 60
4346 Bryne
Kontaktpersonar
Heidi Line
Bondekone
Tlf. 996 07 510
frulinegard@gmail.com
Jon Line
Storbonde
Tlf. 996 07 511
linegard@gmail.com
Opningstider gardsutsal
| Måndag – fredag | 09 – 18 |
| Laurdag | 10 – 16 |
Gardsutsalet vil væra delvis sjølvbetjent, men alltid betjent fredag og laurdag.
Velkomen!