IL Solid - Rein glede

Allidrett

Allidrett – aktivitet, meistring og idrettsglede

I allidretten har me fokus på allsidig aktivitet, grunnmotorikk, leik og rørsleglede. Gjennom varierte aktivitetar ønskjer me å leggja til rette for at barna får utforska eigne ferdigheiter, utvikla motorikken sin og oppleva meistring i eit trygt og inkluderande miljø.

Turar i skog og fjell i nærområdet vil òg vera ein viktig del av opplegget. Naturen gir rom for både aktivitet, opplevingar og sosialt samvær.

Målet vårt er at borna skal oppleva idrettsglede, kjenna meistring og få prøva eit breitt utval av idrettar etter kvart som dei blir eldre. Me ønskjer å skapa eit miljø der alle føler seg velkomne, trygge og inkluderte.

Gjennom allidretten vil me fremja meistring, læring og moglegheita til å utfordra seg sjølv i nye aktivitetar. Kanskje finn borna ein idrett dei får ekstra interesse for og ønskjer å halda fram med vidare?

Gruppene me tilbyr per i dag

Gruppe 3–4 år (fødd 2022–2023)

Onsdag kl. 16.30–17.30 i fleirbrukshallen 

Foreldre og born deltek saman. Aktivitetane vil hovudsakleg føregå i gymsalen, med fokus på grunnmotorikk gjennom leik, dans og rørsleglede. Det blir òg lagt opp til nokre enkle turar i nærområdet og basseng. Sjå årshjulet for meir informasjon.

Gruppe 5 år (fødd 2021)

Tysdag kl. 16.30–17.30 i fleirbrukshallen 

Borna får så smått byrja å prøva ulike idrettar som finst i idrettslaget vårt, og andre aktivitetar som orientering, friidrett, basketball, innebandy og skeiser. Det vert ein periode i basseng. Aktivitetane vil ha fokus på grunnmotorikk, leik og bevegelsesglede. Det blir òg arrangert turar og ulike friluftslivsaktivitetar gjennom året. Ved turar ønskjer me at føresette bidreg som hjelparar ved behov. Sjå årshjulet for meir informasjon.

Gruppe 6–7 år (fødd 2019–2020)

Måndag kl. 18.00–19.00 i basishallen 

Her får barna prøva eit breitt spekter av aktivitetar og idrettar. Mellom anna vil dei få testa seg på sykling, skating, basketball og mykje anna. Sjå årshjulet for meir informasjon.

Gruppe 8+ (2018 - ) 

Måndag kl. 18.00–19.00 i basishallen 

Denne gruppa får òg prøva mange ulike aktivitetar og idrettar, som til dømes sykling, skating og basketball. Opplegget vil variera gjennom året, og det blir lagt vekt på meistring, aktivitet og idrettsglede. Sjå årshjulet for meir informasjon.

Praktisk informasjon

Det er plass til om lag 20–25 deltakarar i kvar gruppe. Avhengig av påmeldinga kan grupper bli delte eller slått saman.

Meld deg på tidleg for å sikra plass!