Auka kompetanse

Volleypedia er eit oppslagsverk der du kan finne tips og triks som kan utvikle klubben din!!

Del erfaringar og tips

Fortel andre om Volleypedia. Dess fleire gode tilbakemeldingar til oss, dess betre vert Volleypedia

Delta i utviklinga

Volleypedia er alle sitt oppslagsverk og under konstant utvikling. Bidra til å forbetre produktet.

Ein god velkomst

Vi veit alle korleis det er å kjenne seg litt aleine. Det kan vere vanskeleg å dukke opp ein ny plass kor dei andre kjenner kvarandre, kor dei ikkje akkurat held deg utanfor, men heller ikkje gjer så mykje for å integrere deg i gruppa.

Omvendt kjenner vi også den herlege kjensla når nokon kjem oss i møte og gir oss en varm velkomst. Da vil det kjennast som at andre verkeleg vil vere i lag med oss.

Rekruttering av spelarar

Ingen medlemmar – ingen klubb! Ein volleyballklubb er ein foranderleg størrelse, og det vil alltid vere ein naturleg flyt inn og ut av klubben. Nokon gongar går det den rette vegen og vi blir fleire medlemmar, men dessverre går det også den motsette vegen. 

Det store spørsmålet er korleis vi, eller om vi kan, styre utviklinga, altså sikre oss at vi har en ”sunn” klubb, med eit stabilt eller stigande medlemstal.

Å halde på spelarane

Passar aktivitetane i din klubb med behova og ønskja som medlemmene har? Kven bestemmer kva som skal skje i klubben, styret eller medlemmene? Er klubben ein fast storleik eller er den dynamisk og torer endre på aktivitetar og kultur?

Vi skal som volleyballklubbar romme mange ulike individ, der alle har sine eigne grunnar og eigen bakgrunn for å velje eller vrake volleyball.

Frivillige - klubben sitt fundament

Klubbane våre er avhengige av frivillige. Frivillige er nerven til å få tinga til å spele saman. Dessverre veks frivillige ikkje på tre, og derfor er det fleire ting som er viktige å vere merksam på i klubben sitt arbeid med frivillige. 

Trenar

Som trenar vil ein påverke spelarane si glede ved å spele volleyball, treningsmiljøet på laget og faktisk også spelarane si personlege utvekling. Det er utvilsamt både ein spennande og krevjande oppgåve. Og det er viktig at ein trenar er seg dette ansvaret bevisst. Her finn du gode råd.