Ortodoks betyr rett-truande, i samsvar med fastsett tru eller lære. Det motsette av ortodoks er heterodoks. I praksis blir brukt ortodoks om ei opphavleg religiøs lære, eller ei lære som er i tråd med tradisjonane, sjå ortodoksi. Ortodoks blir òg brukt om personane som trur på ei bestemd fastsett tru eller lære, til dømes ein ortodoks jøde, ein ortodoks muslim.
Ordet blir òg brukt i overført tyding om noko som stemmer overeins med gjengs (vanlege) meiningar og hevdvunnen (innarbeidde) praksis og tradisjon. Det motsette av ortodoks i denne tydinga er uortodoks.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.