Illustrasjon av Lagrange-punktenes plassering i solsystemet. Pilene indikerer hvilken retning et objekt plassert i lagrangepunktet vil trekkes. Størrelsesforholdene i figuren er ikke korrekte.

/NASA.
Eksempel på bane i et lagrangepunkt. Lagrangepunkt 2 (L2) i solsystemet, der blant annet romobservatoriet WMAP gikk i bane. Avstander og størrelser er ikke tegnet i riktig skala i forhold til hverandre.
Av .

Lagrangepunkt er namnet på posisjonar i rommet der tyngdekrafta mellom to store objekt, til dømes mellom Sola og Jorda eller mellom Jorda og Månen, er omtrent lik. Dette kan utnyttast slik at eit romfartøy kan gå i bane rundt dette punktet, sjølv om punktet er fysisk «tomt».

Faktaboks

Uttale

lagrãʒ-

Etymologi

Oppkalla etter den franske matematikaren Joseph Louis Lagrange.

Ulike lagrangepunkt

Det finst fem ulike lagrangepunkt, kalla L1L5. Desse har litt ulike eigenskapar, der baner rundt L4 og L5 er meir stabile enn baner rundt dei tre andre.

L1, L2 og L3 ligg på rett linje gjennom objekta med stor masse, medan L4 og L5 vil ligge slik at linjene mellom punkta og objekta vert likesida trekantar. For jord-sol-systemet ligg L1 omkring 1,5 millionar kilometer frå Jorda i retning Sola, og det vart først brukt av det europeisk/amerikanske solobservatoriet SOHO (Solar Heliospheric Observatory), som gjekk inn i bane rundt L1 den 14. februar 1996. Eit anna eksempel på romfartøy i bane rundt eit lagrangepunkt er James Webb-romteleskopet, som går i bane rundt lagrangepunktet L2.

Romfartøy

Ved fleire høve har ein plassert astronomiske romobservatorie i nokre av lagrangepunkta til jord-sol-systemet, oftast rundt L1 og L2. Desse romfartøya må bruke litt drivstoff for å halde seg på rett plass.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg