Krafse er ein handreiskap som vert brukt til å skrape saman og planere lause massar som småstein, grus og jord. Krafsa har eit halvmåneforma og lett krumma blad av stål som sitt vinkelrett på skaftet.
Eit krafsebrett har eit liknande bruksområde. Krafsebrettet er utan skaft, med handtak på kvar side av brettet. Det kan òg brukast til å flytte massar, til dømes på stader der det er vondt å komme fram med trillebår.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.