Hyperinflasjon er svært høg prisstigning. Det er ei form for sterk inflasjon. Ofte definerast hyperinflasjon som månadleg prisstigning på over 50 prosent. For at det skal vere hyperinflasjon, må det generelle prisnivået stige med meir enn 50 prosent, ikkje berre nokre utvalde varegrupper.
Dersom eit land har hyperinflasjon eit heilt år, vil den årlege inflasjonen vere på over 12 000 prosent. Til samanlikning har sentralbanken i Noreg, Noregs Bank, eit mål om at den årlege inflasjonen skal vere på to prosent. Etter den andre verdskrigen har årleg inflasjon aldri vore over 20 prosent i Noreg.
Hyperinflasjon kan føre til lav tiltru til valutaen. Ein metode for å få bukt med hyperinflasjon er å byte valuta.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.