Hydrogen er det lettaste og minste av grunnstoffa. Hydrogenatomet er det enklaste av alle atom. I den vanlegaste forma består hydrogenatomet av berre eitt elektron og eitt proton.
Faktaboks
- Uttale
-
hydrogen
- Også kjend som
-
fram til rundt 1960: vasstoff, vannstoff (bokmål)
- Engelsk namn
- hydrogen
- Relativ atommasse
- 1,008
- Smeltepunkt
- -259,35 °C
- Kokepunkt
- -252,88 °C
- Massetettheit
- 0,08987 mg/mL
- Oksidasjontal
- -I, I
Hydrogen er det vanlegaste grunnstoffet som finst. 90 prosent av alle atom i universet er hydrogenatom. På Jorda er det meste av hydrogenet bunde i vassmolekyl, som har kjemisk formel H2O og består av to hydrogenatom og eitt oksygenatom. Hydrogen finst òg i karbohydrat, protein, feitt og arvestoff i alle plantar, dyr, sopp og bakteriar.
Ein bruker hydrogen i framstilling av ammoniakk til gjødsel og til å lage fast feitt som margarin (feittherding).
Ordet hydrogen blir òg brukt som kortform for hydrogengass. Hydrogengass består av to hydrogenatom kopla saman (H2). Hydrogengass er brennbar ved romtemperatur og kan nyttast som drivstoff.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.