Faktaboks

Innbyggjartal
3391 (SSB, 2025)
Landareal
1,5 km²
Tettstadsnummer
4572 Varhaug
Varhaug kyrkje frå 1904.

Varhaug er ein tettstad i kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,5 km², og har 3391 innbyggjarar (2025).

Beskrivelse

Varhaug er administrasjonssenter i kommune, og ligg på Sør-Jæren, ved Varhaug stasjon på Sørlandsbanen. Varhaug har trevare- og møbelindustri, ferdigmatproduksjon og mølle. Gjennom tettstaden går fylkesveg 504.

Nordaust for Varhaug ligg Åna fengsel, tidlegare Opstad tvangsarbeidshus, populært kalt «Jæderen». Åna fengsel er i dag eit av dei største fengsla i landet, og til institusjonen høyrer ein av dei største gardane i landet. Like sør for tettstaden ligg Varhaug kyrkje frå 1904.

Navn

Namnet er opprinneleg eit gardsnamn, siste ledd siktar til ein stor gravhaug på garden Nordvarhaug; fyrste ledd er truleg norrønt vǫr, 'steinsetting, steinsett grav' eller 'banke av sand eller grus, morene'.

Kart

Varhaug
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg