Vangsnes
Vangsnes.
Natur og næringsliv
Soknet omfattar den flate og frodige halvøya på sørsida av Sognefjorden, rett overfor innlaupet til Fjærlandsfjorden. I desember 2015 fall det 296,4 millimeter nedbør, som er Noregsrekord for desember. Den lågaste marstemperaturen i soknet vart målt den 1. mars 2018 på -9,6 grader. Høgaste junitemperatur vart målt i 2020 med 29,6 grader.
Hovudnæring på halvøya er frukt- og bærdyrking.
Samferdsel
Vangsnes er eit trafikknutepunkt med ein del turisttrafikk. Riksveg 13 frå Voss er ein del av indre stamveg på Vestlandet, som går over fjellet mellom Vik og Vangsnes. Denne strekninga er svært utsett for skred. Skredsikring vart påbyrja i 2018 og ny veg stod ferdig i 2020.
Frå Vangsnes er det ferjesamband til Hella og Dragsvik på nordsida av Sognefjorden. Riksveg 602 fører frå Vangsnes austover til Feios.
Kultur
Soknet har fleire gravhaugar. På odden reiste keisar Vilhelm 2 i 1913 ein statue i bronse, som er tolv meter høg og står på ein 14,5 meter høg sokkel. Statuen førestiller segnfiguren Fridtjov. Vangsnes kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1861.
Namn
Fyrste ledd av namnet har antakeleg samanheng med Vangsen, som er eit skjer utanfor odden av Vangsnes. Vangsen kjem av norrønt vangsni, ’plogskjer’.
Kart
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.