NTB
Faktaboks
- Offisielt namn
- NORSK TELEGRAMBYRÅ AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Oslo
- Stifta
- 02.02.1918
- Dagleg leiar
- Tina Mari Flem
- Styreleiar
- Øyulf Hjertenes
Verksemd
NTB er organisert i fleire verksemder. Nyheitsformidling frå inn- og utland er hovudverksemd, inkludert foto- og videoproduksjon. Det er Nordens største biletbyrå med eit arkiv på nærare 400 millionar bilete, videoar og nyheitsgrafikk. NTB leverer òg sportsresultat og ferdige underhaldningssider med mellom anna kryssord, quiz, teikneseriar og sudoku.
NTB hadde i 2024 ei omsetning på 301,1 millionar kroner (308,3 millionar kroner i 2023). Resultatet før skatt var i 2024 27,1 millionar kroner (11,7 millionar kroner i 2023). NTB hadde i 2024 138 fast tilsette medarbeidarar.
Tina Mari Flem er frå 2021 sjefredaktør og administrerande direktør i Norsk Telegrambyrå.
Kundar
NTB leverer redaksjonelt innhald til nærare 200 medium. Største kundar er NRK og dei norske dagsavisene. TV 2 avslutta samarbeidet med NTB i 2004. NTB sel òg nyheitsartiklar til organisasjonar, bedrifter og offentlege etatar som ynskjer å halde seg løpande orienterte om nyheitsbiletet.
Internasjonalt samarbeid
Byrået byggjer den innanlandske nyheitstenesta på eiga reportasjeverksemd og eit korrespondentnett som dekkjer heile landet. Utanrikstenesta blir i vesentleg grad redigert på grunnlag av dei internasjonale tenestene til Reuters, Associated Press (AP), Agence France–Presse (AFP) og Deutsche Presse-Agentur (DPA). Særleg viktig er nyheitsutvekslinga med dei nasjonale nyheitsbyråa i dei andre nordiske landa.
Historie
NTB vart grunnlagt 1867 som filial av det tyske Wolffs byrå, men gjekk over i privat eige 1869. I 1918 vart NTB kjøpt av eit aksjeselskap der berre norske mediebedrifter kan ha aksjane.
NTBs biletdel vart i 1999 slått saman med Scan-foto til selskapet Scanpix Norge AS. Selskapet var eigd av Schibsted ASA og NTB. I 2011 kjøpte NTB ut Schibsted, og Scanpix vart ei avdeling i NTB med namnet NTB Scanpix. Merkevara Scanpix vart avvikla i 2020.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Giverholt, Helge: Nyhetsformidling i Norge: Norsk telegrambyrå 1867-1967, 1967.
Eksterne lenkjer
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskap mv.
- Næringskode(r)
- 60.310 Nyheitsbyråverksemd; 85.597 Anna undervising elles
Kommentarar (2)
skreiv Morten Haave
svarte Mari Paus
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.