Lovdata er ei sjølveigande stifting som driv ein database som inneheld norske lover, forskrifter, rettsavgjerder, lovførebuande arbeid, administrative utsegner, traktatar, EØS/EU-rettskjelder, nyheitsbasar frå Stortinget med meir. Lovdata leverer teksten til Noregs lover.
Lovdata vart oppretta av Justisdepartementet og Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Store delar av databasen er gratis tilgjengeleg på nett, mellom anna ein oppdatert versjon av alle norske lover.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.