Hans Hanson var ein norsk bygdemålsdiktar, forretningsmann og huslærar. Han er eit sikkert namn i norsk litteratur- og kulturhistorie, i første rekkje på grunn av dikta han skreiv på målføre frå Telemark. Fleire av desse bygdemålsdikta vart omtykte viser. Særleg kjend er «Sveinung aa Astri», etter mønster av Horats’ ode III, 9 (Til Lydia).
Hans Hanson
Faktaboks
- Født
- 28. september 1777, Larvik
- Død
- 30. april 1837, Porsgrunn
- Virke
- Bygdemålsdiktar
- Familie
-
Foreldre: Skipsførar Bertel Hanson (1746–1806) og Else Malene Schaarbek (truleg død før 1793).
Gift 27.11.1805 med Christiane Bagge (1778 (døypt 1.4..)–29.11.1809), dotter til kjøpmann Rasmus Bagge (1739–1817) og Malena Marie Nilsdatter.
Bakgrunn
Hans Hanson voks opp i Larvik. I lag med faren drog han til Storbritannia der han gjekk på skole, og her endra både far og son namn frå Hansøn til Hanson. Etter konfirmasjonen vart Hanson tilsett hos Ulrich Cappelen i Skien, og i 1794–1808 reiste han i Øvre Telemark som tømmeroppkjøpar. Han vart kjend med språket og folkediktinga, noko som inspirerte han til å skrive på telemål.
I 1808 fekk Hanson giktfeber, og denne harde sjukdomen gjorde han funksjonshemma. Nokre år seinare omtalar Claus Pavels han som «en lille pukkelrygget Person». Frå då av livnærte han seg som kontormann, og seinare i fleire år som huslærar hos kondisjonerte på Austlandet og i Telemark.
Formell utdanning hadde Hanson ikkje. I forordet til Enkelte Smaadigte, til Prøve paa en større Samling, seier han seg lei for at han «ikke har den Lykke at være Student», men måtte nytte autodidaktens omvegar for å skaffe seg kunnskap.
Diktar
Hansons mest kjende dikt, Sveinung aa Astri, vart trykt i Nor. En poetisk Nytaarsgave for 1816, redigert av Conrad N. Schwach. Her står også tre andre dikt av Hanson. Same året fekk han publisert Enkelte Smaadigte, og han gav seinare ut dikt, talar og forteljingar. Mykje av det han skreiv vart likevel aldri trykt, men sirkulerte i avskrifter. Storparten av Hansons litterære produksjon er skriven på dansk – drikkeviser, epigram, moralske og komiske versforteljingar og religiøse viser – i tradisjonen frå Norske Selskab. Enkelte tekstar, som drikkevisa Visdommens Kilde, den religiøse songen Erindringer og den komiske versforteljinga i wesselsk stil Feiltagelsen, er fullt på høgd med det som elles vart skrive i samtida.
Men det er visene på telemål som gjer at Hans Hanson blir hugsa. Desse visene vart raskt populære, såleis trykte Jørgen Moe fleire av dei i Samling av Sange, Folkeviser og Stev i Norske Almuedialekter (1840). Hanson framstiller telemarksbøndene som frie og lykkelege – «Ti Norje er Bonden en fribaaren Mand», heiter det i Fjeldmandssang. Bondelivet står fram som ein landleg idyll med frisk sjarme, ikkje ulikt Horats’ landskapsskildringar. Det er utan tvil møtet mellom diktmønster hos Horats og vise- og stevdiktinga i Telemark som har inspirert Hanson til å yte sitt beste. Mange samtidige let seg inspirere av Horats, men Hansons gjendiktingar har halde seg betre enn andre norske forsøk. Han skreiv også Den som støtt er grei, som ingjen Mand bedræg, etter Horats’ ode I, 22 (Integer vitae).
I Ugeblad for Skien og Omegn i 1832 gjer Hanson greie for kva det var som tiltala han så sterkt ved telemålet:
«Den rene øvretellemarkiske Dialekt, saaledes som den tales i de egentlige Fjeldbygder […] havde noget særdeles Indtagende for mig, deels som et Slags Levning af vort gamle oprindelige Sprog, der var blevet fortrængt af det nyere Danske; deels for dens skjønne Velklang og udtryksfulde Naivitet».
Hanson gjorde seg liknande tankar om den norske språksituasjonen som historikaren Jacob Aall, og har etter alt å døme vore kjend med Aalls syn. Så tidleg som i 1815 gav Hanson skriftleg uttrykk for at han ynskte seg eit eige norsk språk. Han var antidansk og prosvensk, noko som blant annet går fram av eit dikt i Christiania Intelligentssedler.
Død
Hans Hanson gifte seg i 1805, men ekteskapet vart kortvarig. Bare eitt år etter at Hanson vart alvorleg sjuk av giktfeber, døydde kona hans i barselseng med eit dødfødt barn. Hanson sjølv døydde i 1837.
Utgivelser (utval)
- Enkelte Smaadigte, til Prøve paa en større Samling, 1816
- fire dikt (m.a. Sveinung aa Astri) i Nor. En poetisk Nytaarsgave for 1816, 1816
- Sæterpigerne eller St. Hansaften paa Stølen. En romantisk Fortælling, 1829
- Minderne (dikt), Skien 1832
- innlegg i Ugeblad for Skien og Omegn nr. 23, 1832
- Tale på Kong Carl Johans Fødselsdag den 26de Januar 1836, Skien 1836
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Schneider, J.A.: Bygdemaalsdigteren Hanson, 1909
Kommentarer
Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logget inn for å kommentere.