Frå Eidsborg. Eidsborg stavkyrkje ligg på ein haug med fin utsikt over grenda.
Eidsborg

Eidsborg er ei bygd i Tokke kommune i Telemark. Eidsborg er ei skog- og fjellbygd nord for den vestlege delen av innsjøen Bandak, rett nordaust for Dalen. Det meste av busetnaden ligg i eit vakkert skålforma landskap omkransa av skogkledde nutar, med Eidsborg stavkyrkje øvst i bygda.

I Eidsborg har det vore brote brynestein av lokal kvartsskifer (kvartsitt) sidan 700-talet. Eit vikingskip (ein knarr) som havarerte i Klåstadkilen i Tjølling omkring år 1000, var lasta med brynestein frå Eidsborg. Tilhogging av bryner har vore eit lokalt handverk gjennom hundreåra; i nyare tid har Eidsborg-stein vore tilverka i industriell skala av Norrøna fabrikker i Porsgrunn frå 1880 til 1950.

Vest-Telemark Museum Eidsborg har eit nytt og moderne museumsbygg, og tun med over 30 gamle hus, herunder Noregs eldste verdslege trebygning frå 1167.

Kart

Eidsborg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg