Treng du nokon å snakke med?  
Viss det står om liv og helse ring 113
Ring næraste legevakt på 116 117  
Mental Helse Hjelpetelefonen  
Telefon: 116 123 (heile døgnet)  
Chat: Sidetmedord.no   
Alarmtelefonen for barn og unge  
Telefon: 116 111 (heile døgnet)  
Chat: 116111.no   
Røde Kors: Kors på halsen  
For alle under 18 år.  
Telefon: 800 33 321  
Chat: korspahalsen.no   
Kirkens SOS  
Telefon: 224 00 040 (heile døgnet)     
Vold- og overgrepslinja  
Telefon: 116 006

Bipolar er ein psykisk sjukdom, der humøret og korleis ein oppfører seg varierer meir enn det som er vanleg. Bipolar tyder to polar. Ein svingar mellom å vere svært glad eller gira (mani), til å bli svært trist eller nedstemd (depresjon). Ein kan òg ha periodar der ein har heilt vanleg humør.

Både unge og vaksne kan ha sjukdommen, men det er ikkje vanleg at barn er bipolare.

Symptom

Periodar der ein er oppstemd, blir kalla mani. Ein person med mani opplever ofte at hen

  • er gladare
  • har betre sjølvkjensle
  • har meir energi og mindre behov for å sove
  • har meir matlyst
  • er meir kreativ
  • snakkar meir og fortare
  • er meir impulsiv
  • kan bruke mykje pengar utan å tenkje seg om
  • kan ha problem med å skilje mellom verkelegheit og fantasi
  • er rastlaus eller veldig aktiv
  • har meir lyst på sex
  • har lyst på alkohol eller annan rus

Ein manisk periode startar gjerne med mykje energi og lite søvn. Personen er veldig kreativ og uvanleg aktiv. Som regel skjønner ikkje personen sjølv at hen er manisk.

Periodar der ein er nedstemd, blir kalla depresjon. Ein person med depresjon opplever ofte at hen

  • kjenner lite glede
  • kjenner seg tom
  • mistar interessa for ting hen eigentleg likar
  • kjenner seg trøytt og har lite energi
  • strevar med å konsentrere seg
  • tenkjer negativt
  • skader seg sjølv eller tenkjer på å gjere det
  • søv dårleg, for lite eller veldig mykje
  • har veldig mykje eller lite matlyst

Typar

Bipolar blir ofte delt i to typar: bipolar 1 og bipolar 2. Om ein har bipolar 1, har ein sterkare mani enn om ein har bipolar 2. Depresjon er felles for begge typar. Det varierer kor lenge dei ulike periodane varer og kor intense dei er.

Årsaker

Bipolar er truleg arveleg. Sjukdommen dukkar oftast opp etter periodar med mykje stress. Legen stiller diagnosen etter å ha undersøkt og snakka med pasienten.

Behandling

Mange bipolare lever godt, med rett behandling og ved å ta vare på seg sjølv. Dei fleste får medisinar eller anna behandling. Det gjer at kjenslene blir meir stabile. Samtaler med psykolog eller psykiater kan òg hjelpe. Det er viktig at pasienten sjølv, og pårørande, lærer om sjukdommen og kva ein bør gjere for å unngå problem.

Det ein bør gjere sjølv er å

  • sove nok og ete sunt
  • unngå stress
  • vere varsam med rusmiddel
  • lære å kjenne att tidlege teikn på mani eller depresjon
  • snakke med familie og nære vennar

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Ivar Røssberg
Professor i psykiatri, Universitetet i Oslo